Verdensdagen for psykisk helse / Om oss / Kalender / Ungdom på veg -Arrangement i Oseana...



Ungdom på veg -Arrangement i Oseana og ope dagsentra

To parallelle arrangement.
I Oseana har vi ope arrangement for alle, men programmet er spesielt tilpassa ungdom.Programmet vert gjennomført i to like bolker. Her finn ein og ulike stands.
Parallelt heldt dagsentra Vindfanget og Kontakto ope. På Kontakto vert det film, maleri og enkel servering.
Arrangement type: Foredrag, Stand, Åpent møte
Vi har valt å ha to parallelle program 5. oktober i år.
Vi markerar dagen på to måtar. Vi held dagsentra ope for alle og har eit større arrangement i Oseana, vår nye storstove.
På dagsenteret kontakto vert det filmvisning og enkel servering. Vi fortsett tradisjonen med felles maleri og alle er hjarteleg velkomne til å sette si strek og farge på fellesmaleriet. Vindfanget held og ope dag.Vi opnar dørane frå kl 11.00-14.00

I Oseana har vi laga eit program som er ope for alle, men innhaldet er spesielt retta mot ungdom. Her vert programmet køyrte to gonger, frå kl 09.00- 11.20 og andre bolk frå kl 12.30- 14.50 med best plass i første bolk.
I pausane vert det mogleg å besøke stands frå ulike organisasjonar.
Tradisjon tro leverar vi ut ei psykriatripris som vert overrekt kl 12.30.
Ordfører Terje Søviknes ønskje velkommen før vi får musikk og drama innslag frå Musikkgymnaset Kongshaug.
Vi har tre foredrag. Ein fortel om eit liv med ADHD og deretter kjem eit innslag om erfaringar som pårårande, korleis vere ein ven og korleis ta ivare seg sjølv.
I år har vi fått ein stand up komikar som snakkar om livets berg og dalbane. Avslutningsvis får vi dans frå ei av dansegruppane til Patricia Langeland.
Dagen leiast av tre konferansierar, ein elev frå kvar vidaregåande skule i Os.
Elevar frå dei tre vidaregåande skulane i Os er inviterte, elles er det nokon plasser til overs for dei interesserte.
Velkommen.
Arrangør: Arrangementet er eit samarbeid mellom ulikefrivillige lag og organisasjonar. Mental Helse Os, ADHD Norge, Beredt AS, Kongshaug Musikkgymnas, Kronstad DPS avd Askviknes, Landsforbundet mot stoffmisbruk, NAV Os, Os Frivilligsentral, Os Gymnas, Os kommune, Os Lions Club, Os rockeklubb, Os sokneråd, Os vidaregåande skule og Vindfanget oppfølgingsenter
Kontaktperson: Arne Bakke
Kontakt e-post: (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Oseana kunst og kultursenter, Mobergsvika 5202 Os og OPE DAGSENTRA: Vindfanget, Vestre Lurane 10 B og Allaktivitetshuset Os 2 etg,bak brannstasjonen,Stegen 4, Os (hordaland) Hordaland

Skriv ut


Verdensdagen for psykisk helse er en årlig markering som holdes over hele verden den 10. oktober.

Årets tema er "Vær med! Spre kunnskap og snakk sammen". Les mer om tema her.

Ønsker dere å søke Verdensdagen om midler for å arrangere markering av Verdensdagen for psykisk helse 2012? Da finner dere søknadskjema, og andre nyttige maler her. Søknadsfristen for 2012 er 15. juni.

Bestill materiell

Ønsker du å bestille brosjyremateriell fra Mental Helse? Trykk her!